-Gjennombrot for Kystpilegrimssenter i Selje

Vestland fylkeskommune set av 600.000 kroner i 2020 til etablering av Kystpilegrimsleia. Halvparten av midlane avsett til Kystpilegrimssenteret i Selje.

Selja kloster: Vestland fylkeskommune set av 600.000 kroner i 2020 til etablering av Kystpilegrimsleia. Halvparten av midlane er avsett til Kystpilegrimssenteret i Selje.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det neste målet er å få Kystpilegrimsleia inn på Statsbudsjettet.

Nyhende

– Dette er gjennombrotet for denne viktige nye satsinga på kultur, historie og reiseliv på kysten av Vestlandet, seier ordførar i Stad og nestleiar i Hovudutval for kultur i Vestland, Alfred Bjørlo (Venstre).

Løyvinga kjem som følgje av budsjettavtalen mellom samarbeidspartia i Vestland (Sp, Ap, KrF, Venstre, MDG og SV).

Set av ressursar

Stad kommune set også av ressursar til å starte opp det regionale Kystpilegrimssenteret i Selje i 2020. Kystpilegrimsleia og senteret i Selje vil bli utvikla i samarbeid mellom kommunane på kysten, kyrkja og frivillige lag og organisasjonar.

Det regionale senteret i Selje vil få ansvar for å utvikle Kystpilegrimsleia på heile strekninga langs kysten av Sogn og Fjordane, i samarbeid med tilsvarande senter i Bergen.

– Det neste målet no er å få Kystpilegrimsleia inn på Statsbudsjettet for 2021, slik at vi får ei fast finansiering i ein samarbeidsmodell mellom staten, fylkeskommunane på Vestlandet og kommunane, seier Alfred Bjørlo. Arbeidet med dette vil starte rett etter nyttår.