Nordfjordeid trafikkstasjon

Dale er positiv til møte med Stad-ordførar

Arkivfoto frå eit tidlegare møte mellom ordførar Alfred Bjørlo (V) og samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp)  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende


Nordfjordeid trafikkstasjon

Bjørlo ber om møte med politisk leiing

 

Fjordabladet har bede samferdsleminister Jon Georg Dale om ein kommentar til utsegner frå Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) om Nordfjordeid trafikkstasjon der han seier at tilrådinga frå Statens vegvesen om å fjerne halltilbodet på Nordfjordeid er gjort på sviktande grunnlag og der Stad kommune ber om møte med politisk leiing.

Dale har overfor Fjordabladet kome med følgjande kommentar:

–Vi har no teke imot Statens vegvesen sitt endelege forslag til ny modell og struktur av levering av tenester på trafikant- og køyretøyområdet. Regjeringa er oppteke av å legge til rette for gode tenester over heile landet. Vi vil difor no vurdere Statens vegvesen sitt forslag grundig før det blir tatt ein avgjersle i saka.

– Møteførespurnaden frå kommunen blir handsama etter vanleg rutine. Eg er positiv til eit slikt møte. Om kommunen er ueinige i det faglege grunnlaget, er det interessant å høyre deira vurdering av det, seier Dale via kommunikasjonsrådgjevar i samferdselsdepartementet Henrik Jonassen.


Leiar

Ikkje bra nok om trafikkstasjonen

Trafikkstasjonen på Nordfjordeid får halde fram, men det blir utan kontrollhall. Også førarprøve MC er fjerna.



Størst behov for hallkontroll for store køyretøy i Nordfjord

Vegvesenet vil likevel flytte tilbodet til Førde



Nei til nedlegging av trafikkstasjonen sine tenester på Nordfjordeid:

Staten veltar kostnader over på næringslivet!



Får halde fram som trafikkstasjon, men utan kontrollhall

– Ikkje godt nok