Anders Skipenes

Tilsett som ny kommunedirektør i Gloppen

Anders Skipenes frå Eid, som no er rådmann i Fræna kommune, er tilsett som den første kommunedirektøren i Gloppen kommune.

Eit samrøystes kommunestyre har den 26. november tilsett Anders Skipenes frå Eid, no er rådmann i Fræna kommune, som den første kommunedirektøren i Gloppen kommune.   Foto: Arlivfoto

Nyhende

Dette vart gjort av eit samrøystes kommunestyre på møtet den 26. november, melder Gloppen kommune på si nettside.

Anders Skipenes tek over stillinga etter Jan Kåre Fure, som blir pensjonist til sommaren. Samstundes blir stillingstittelen endra frå rådmann til kommunedirektør. Det er ikkje avklara om Skipenes takkar ja til jobben, heiter det i meldinga frå Gloppen kommune.