Lesarinnlegg

Rema Stokkenes ligg ikkje på Stokkenes

Feil namn: Kjell Nøstdal meiner det er feil å kalle den nye butikken for Rema Stokkenes, så lenge den ligg på Myklebust og ikkje Stokkenes. 

Nyhende


Rema har nettopp opna ei ny forretning i Eid, og kallar nyetableringa Rema Stokkenes.

Dette er ei feilnemning; Rema sitt nye butikklokale ligg ikkje på Stokkenes, men på Myklebust.

Eg forstår godt at dei nye Rema-drivarane – av forretningsmessige årsaker – ønskjer å markere geografisk avstand til Rema-butikken i Sjøgata, men dei har altså ikkje slått seg ned på Stokkenes.

Forretningsbygget med den nye Rema-butikken står på eit bruk som er utskilt frå garden Myklebust og blei kalla Bøen. (I lokaltalen blei bruket kalla Bønen, ei form som samsvara med målføret i midtre og indre Nordfjord).

Rema bør difor leggje bort Stokkenes-namnet og presentere seg som Rema Bøen.

Det ville vere rettvisande og i tråd med god namngjevingsskikk; jfr.eigedomen der legekontoret står, som også har adresse Bøen, etter bruket det er utskilt frå.