Intensjonsavtale mellom Stad kommune og Costa Carnival

Reagerer på cruiseavtale

Rita Nyland frå Stad SV reagerer på cruiseavtale som Stad kommune no skal ta stilling til.

Første cruiseskip på nordfjordeid 2019: Stad SV ønskjer å vere med i handsaminga av ny cruiseavtale. Dei har fleire ting dei reagerer på.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Det er naturleg at kommunestyret får seie noko i denne saka. SV er ikkje representert i formannskapet, heller ikkje KrF, påpeikar Nyland. Ho meiner det er påfallande korleis ordførar ivrar etter at denne saka berre skal behandlast i formannskapet, ut frå hans tolking av reglementet.