Heider og ære

Nyhende

Eli Bente Lote Henden fekk i helga tildelt honorært leiarstipend 2019 for 17 år med trufast teneste i Eid Fotball. Utdelinga skjedde under åretskretsting i Sogn og Fjordane. Samtidig fekk Frode Taklo, Rune Lefdal og Jannicke Hagen Henden tildelt prisen Blå diplom, for særskilt godt arbeid for fotbalsporten i meir enn 8 år.

Rune Haugland og Hans-Petter Gilleshammer fekk overrekt diplom og grønt merke.

Elles kunne Rune Haugland glede seg over at Haugen IL vart Årets dommarklubb og fekk overrekt 12.500 kroner.