Får Ungdommens kulturpris 2019 i Eid

Oppvekst- og kulturutvalet har vedteke å gi Ungdommens kulturpris til Eirik Karlsen. Dette var i tråd med juryen si innstilling.

Eirik Karlsen har tatt steget opp på høgste nasjonale nivå.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Juryen skriv i si grunngjeving at Eirik Karlsen allereie som siste års junior har tatt steget opp på høgste nasjonale nivå. Han har ei imponerande rekke krinsrekordar i Sogn og Fjordane som gjeld både på junior og seniornivå.