Julegåve til ein ukjent

Bli ein julevenn

– Gi ei julegåve til ein ukjent, oppfordrar Frivilligsentralen, flyktningtenesta, Nav, Eid Handel og Alti Nordfjord.

Julegåve til ein ukjent: Bak f.v. Astrid Grete Torheim frå Frivilligsentralen, Silje Svoren frå Flyktningtenesta, Karoline Hildenes frå Nav, Kristin Rødven Eide frå Eid Handel, Gro Gjerdevik frå Alti Nordfjord, og volontørane Camilla Blandin, Jakub Hedera, Sofya Mishchenko, Kine Solheim frå Flyktningtenesta, Vesilis Raptotasios og Noa Goldfryd Sprukt.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Gi ei gåve til ein ukjent.

Nyhende

Kjøpesenteret Alti er pynta til jul, men eitt av juletrea er litt spesielt. Her kan du legge julegåver under – og dermed bidrar du til at nokon som kanskje ikkje har råd til å kjøpe julegåver får ei hjelpande hand.

Tøff tid

Det er fjerde året ein har gått saman om å samle inn julegåver til dei som slit økonomisk, og som opplever juletida som vanskeleg. For mange er det ei tøff tid, og NAV har erfaring med at det er fleire som spør dei om ekstra støtte no mot jul.

I år skal vi bruke 13.320 kroner i snitt på julekosen, der den største delen av summen går til gåvene, viser ei undersøking. Det blir fort mykje ekstra, og for mange er det vanskeleg å få økonomien til å strekke til i denne tida.

Ta kontakt

No vert du oppfordra til å legge ei julegåve under juletreet som er pynta utanfor Vinmonopolet/Frislid på Alti.

– Pakkane vert etter kvart flytta til Frivilligsentralen. Dei som har behov for hjelp kan ta kontakt direkte med Frivilligsentralen, og vi kjem til å sette opp opne dagar etterkvart som ein nærmar seg jula, seier Astrid Grete Torheim frå Frivilligsentralen.

Merk pakkane

Gåvene må merkast om dei er til gut eller jente, kvinne, mann eller ungdom. Set gjerne på storleik.

– Vi kontrollerer alt som kjem inn, og tar ikkje imot brukte ting eller lettbederveleg mat. Det kan ikkje vere noko som ikkje kan stå i innetemperatur. Men gåver som sjokolade, kransekake eller gåvekort på matbutikk vert sett stor pris på, seier Torheim.

Det pleier å kome inn 400–500 julegåver, og alle kjem godt med.

– Vi spør ikkje kvifor du treng julegåve, påpeikar dei. Julegåve til ein ukjent er for heile Nordfjord. Du kan gi eller få julegåve uansett om du kjem frå Måløy, Selje, Eid eller Stryn.

– Vi er veldig glade om de leverer inn julegåver innan 19. desember. Då har vi ein sjanse til å levere dei ut til trengande. Etter det får vi dei ikkje ut til jul, seier senterleiar Gro Gjerdevik.

– Det er mange som berre legg pakkane under juletreet i forbifarten, men det er også dei som har det som hyggeleg juletradisjon og tar med barna for å kjøpe ei gåve som ein gir til nokon på barnet sin eigen alder. Vi ser at det er mange som har ein tanke bak at dei gir ei gåve til ein ukjent, seier senterleiaren.

– Og så treng vi også gåver til vaksne, både damer og herrar, og ikkje gløym ungdommen. Det er av og til der vi står i beit med gåve til vaksne og ungdom. Det kan godt vere heimestrikka eller heimelaga, men ikkje brukt, seier Torheim.

– I fjor såg vi personleg helsing frå ei bestemor. Det er kjempekoseleg, og det må de gjerne fortsette med, seier dei.