Seljeordføraren blir KFUK-KFUM-leiar

Seljeordførar Stein Robert Osdal blir ny dagleg leiar for KRUK-KFUM Sogn og Fjordane.

Ny utfordring: Stein Robert Osdal sluttar som ordførar. No vert han ny dagleg leiar for KFUK-KFUM Sogn og Fjordane. 

Nyhende

- Ønske om å jobbe meir med menneske har blitt sterkare dei siste åra. KFUK-KFUM er ein organisasjon eg er svært glad i og har vakse opp me di VOlda. Eg ser fram til å vere me då utvikle dagens aktivitetar, samt vere me då skape fleire møteplassar for barn og unge. Særleg har eg eit auge for barn og ungdom som har større utfodringar i kvardagen enn andre, seier Stein Robert Osdal i ei pressemelding.

KFUK-KFUM har ein lang historie i Sogn og Fjordane og er i dag mest kjent for sitt leirarbeid på Nesholmen leirstad og for godt barne- og ungdomsarbeid, særleg innan leiartrening, Ten Sing og barnekor.