Inviterte til heimelaga trerettars middag

– Eg liker å gjere praktiske ting. Vi har snille lærarar og gjer på masse gøy i timane, fortel Noah Taklo, ein av dei som har valt arbeidslivsfag som tilval på Eid ungdomsskule (EUS.)

KJØKKENGJENGEN: Frå venstre: Eskil R. Stoddern, Kristian Wik Djønne, Elias Lillebø Lien, Amandus Vidnes, Tobias N. Englund, Harald Kristian H. Starheim, Adrian Størdal Lefdal, Sondre Nor Midthjell, Noah Taklo, Dawid Tchorzewski, Aurora Grinde, Greger Bjørhovde og Andreas Andreassen Haavik. Sjå fleire bilete på fjordabladet.no Foto: Anna Wuttudal 

Vi lagar alt frå botnen av

Noah Taklo
Nyhende

 

–  Eg valde arbeidslivfag fordi språk ikkje høyrdest så gøy ut. Dei av søskena mine som har hatt språk har hatt masse lekser, medan dei som har valt arbeidslivsfag har hatt masse gøy, fortel Amandus Vidnes. Då Fjordabladet er innom sit Noah og Amandus og prøvesmakar focaccia-brød, som skal serverast saman med hjortegryta på haustgildet.