Elkjøp opna dørene

Første butikk på plass i Lunden Handelspark

– Dette har vi venta på heilt sidan september, sa Espen Loe Haukedal, dagleg leiar i Elkjøp Fjordane AS, då den siste tilveksten til Elkjøp Fjordane AS sine butikkar i vart opna på Nordfjordeid måndag.

Lunden Handelspark: Både Bjørn Myklebust, dagleg leiar i Lunden Handelspark AS, Espen Loe Haukedal, dagleg leiar i Elkjøp Fjordane AS, og Trond Kroken, medeigar i Lunden Handelspark, kunne smile breitt då det endeleg var klart for opning av den første butikken i handelsparken i Lunden. – Eg skal ikkje leggje skjul på at det har vore ein kamp mot klokka den siste tida for å få alt ferdig til opning, sa Bjørn Myklebust. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det var Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid, som hadde fått det ærefulle oppdraget med å klippe snora og opne butikken.