Vegdelegasjon møtte statsråden

Ein delegasjon frå Nordvestlandet og Nord-Gudbrandsdalen møtte samferdsleminister Jon Georg Dale sist torsdag.

Møte: Delegasjon frå Nordvestlandet og Nord-Gudbrandsdalen møtte statsråd Jon Georg Dale for å sette fokus på Strynefjellet.  Foto: Privat

Nyhende

Ærendet var å trykke på for å få avklaring på nivå for vidare planarbeid for ny trasé og tunnel for å knyte Nordvestlandet og E6 saman mellom Skjåk og Stryn. Samferdsledepartementet gjekk for konsept B1 for vidare planlegging og delegasjonen var tydelege på at her ønskjer ein at ein går for rett på regulering. Dei meiner det ligg så mykje kunnskap og utgreiingar til grunn, at det må vere mogleg. Då treng ein løyvingar til planmidlar for løysinga B1 med arm til Oplendskedalen (Geiranger). Dette meiner dei må prioriterast inn mot kommande NTP og korridortenking opp mot E6 er her avgjerande, skriv Gode Veger i ei pressemelding.