UP med fleire kontrollar - men ingen utslag for "julebordpromille"

Ingen køyrde med julebordpromille då Utrykingspolitiet sjekka sjåførar på riksveg 15 ved Haugen i Eid laurdag. Derimot vart tre sjåførar tatt for å køyrde for fort.
Nyhende

UP hadde i går fleire kontrollar i Eid kommune. Ein sjåfør fekk forenkla førelegg  for å bruke telefon medan han køyrde i Nordfjordeid sentrum.

106 bilistar vart sjekka for promille på riksveg 15 ved Haugen. Alt var ok.

På riksveg 15 vart tre bilistar tatt for å ha køyrt for fort. Dei fekk forenkla forelegg. Høgste målte fart var 108 km/t i 80-sone.