Husa våre

Fersk bok der mange lokale husperler er med

– Ti år har ein brukt på å samle historia om husa våre og arkitektarven i Sognog Fjordane, seier forleggar Torkjell Djupedal i Selja Forlag.

Børsemakarhuset: Børsemakarhuset i Eidsgata er viden kjent, og er sjølvsagt omtalt i den nye boka Husa våre. Boka vert lansert i Gamlebanken på Nordfjordeid neste laurdag saman med sogelaget og Sogn og Fjordane arkitektlag.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

No er endeleg Selje gamle kommunehus, Åhjemsbuda, boka feridg, men det tok ti år.

Bud på Indre Nore: Den freda mjølkebua og masstova frå 1500-talet på Indre Nore på Maurstad er med i boka. Foto frå boka. 

Årdalen fiskarbondeheim: Den gamle fiskarbondehiemen vitnar om strevsame liv i bratte bakkar og er omtala på sidene frå Selje. Bilde frå boka Husa våre. 

Nyhende

«Husa våre – Arkitektutarven i Sogn og Fjordane» forel om byggjeskikk og arkitektur i Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Frå Urnes stavkyrkje frå år 1130, den einaste norske enkeltbygninga på verdsarvlista, til ungesstølen turisthytte, teikna av arkitektkontoret Snøhetta i 2019.

Reisa startar inst i Sognefjorden og set punktum med vêrradaren ytst på Stad. Alle 26 kommunane er med, og kring 150 arkitektar og byggmeistrar får eigen omtale.

Husa våre set byggeskikken og arkitekturen i Sogn og Fjordane inn i ein både nasjonal og internasjonal samanheng. Fylket har aldri vore isolert, og bygg herrar, handverkarar og arkitektar har skapt hus og bygningsmiljø som er interessante for alle som er opptekne av norsk arkitektur og kulturhistorie.

500 hus

Ein har valt ut å omtale over 500 hus og bygningsmiljø. Boka er på 664 sider i stort format og veg heile 2,8 kg.

– Dette er den største boka vi har gitt ut nokon gong, seier Djupedal i Selja Forlag, som også er redaktør for boka. Forfattar er arkitekt Kolbjørn Nesje Nybø.

Sjølv om Sogn og Fjordane er eit grisgrendt fylke, kan fylket by på noko av det fremste innan norsk arkitektur, både av gammalt og nytt.

Vanskeleg å plukke ut

– Det har vore vanskeleg å plukke husa som vart med i boka, for Sogn og Fjordane har svært mange viktige og interessante hus og bygningsmiljø. Vi har lagt vekt på hus som er lite endra frå dei vart bygde, og å få med hus av alle slag og frå alle tidsperiodar med god geografisk spreiing i fylket. Heile vegen prøver vi å setje byggeskikken og arkitekturen i fylket inn ein større samanheng. Fylket har aldri vore isolert, og byggherrar, handverkarar og arkitektar har skapt hus og bygningsmiljø som er interessante for alle som er opptekne av norsk arkitektur og kulturhistorie, seier Kolbjørn Nesje Nybø i ei pressemelding.

Eidsgata

Han fortel at boka inneheld alle freda hus i Sogn og Fjordane, og dessutan alle kyrkjer, alle fyr, og eit rikt utval av skular, rådhus, ungdomshus, butikkar, fabrikkar, kraftstasjonar, bankar, villaer, bustadhus, turisthytter, hotell, prestegardar, embetsmannshus, løer, gardshus, sjøhus, flyplassar, posthus, sjukehus – og til og med ein freda bensinstasjon i Skjolden inst i Sogn. I tillegg er fleire tettstader og bygningsmiljø omtala, til dømes Lærdalsøyri, Høyanger, Florø, Førde, Kalvåg, Måløy og Eidsgata på Nordfjordeid.

– Vi er særleg opptekne av kven som har teikna og bygd alle husa, seier Nybø.

– No er boka endeleg ferdig, men det tok ti år, seier Djupedal. Her finn ein også tettstadshistoria på Nordfjordeid. Og det er mellom anna omtale av husa: Gamlebanken, Gjerde, Villa Myklebust, Sagastad, Eid kyrkje, Operahuset Nordfjord, Nordfjord sjukehus, det freda kapteinshuset på Myroldhuag, Villa Tostad, naustmiljø på Lote, Villa Skipenes, Heggjabygda kyrkje, Holmøy arbeidsskule, Leikvin, kyrkjene på Stårheim og Kjølsdalen, og ei bu på Reksnes.

På Maurstad er den gamle og freda mjølkebua frå 1500-talet på Indre Nore tatt med.

I Selje har ein mellom anna med klosteret, prestegarden, Bjørkelohuset og Selje kyrkje.