Kraftig vekst i ambulanseoppdrag for eldre

Fram mot 2040 vil talet på ambulanseoppdrag med pasientar som er over 80 år, nesten doble seg.

Nødvendig omsyn: – Alder er ein sentral drivar for oppdragsvolumet dei komande 20 åra. Det er heilt nødvendig å ta omsyn til denne når vi i prehospital plan har vurdert korleis den framtidige prehospitale tenesta skal vere, seier Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde og prosjektleiar for arbeidet med ny ambulanseplan i Sogn og Fjordane. Foto: Helse Førde 

Nyhende

Ei stadig eldre befolkning vil gje kraftig vekst i talet på ambulanseoppdrag for dei som er over yrkesaktiv alder. I gruppa 67 til 80 år vil talet på oppdrag auke med 28 prosent. I gruppa over 80 år vil veksten vere heile 90 prosent samanlikna med aktivitet i 2018.

–Alder er ein sentral drivar for oppdragsvolumet dei komande 20 åra. Det er heilt nødvendig å ta omsyn til denne når vi i prehospital plan har vurdert korleis den framtidige prehospitale tenesta skal vere, seier Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde og prosjektleiar for arbeidet med ny ambulanseplan i Sogn og Fjordane.

Framskriving

Det er ei framskriving av talet ambulanseoppdrag basert på folketalsutviklinga som viser endringane ambulansetenesta står overfor. Medan det blir stadig fleire ambulanseoppdrag med eldre pasientar, går talet på oppdrag med personar under 66 år nedover. I Sogn og Fjordane er det berre kommunane Sogndal, Fjaler og Gaular som vil få auke i talet på ambulanseoppdrag for aldersgruppa under 66.

–Det har samanheng med at vi ikkje får nokon vekst i folketalet, og at vi då blir høvesvis fleire eldre og samstundes lever lengre, seier Guldhav.

Snittalder

I 2018 var snittalderen på personar som blei frakta i ambulanse i Sogn og Fjordane 64 år. Framskrivinga syner at denne vil gå oppover i åra frametter. Spesielt stor vil auken i ambulanseoppdrag med eldre pasientar bli i Sunnfjord. I den største kommunen i fylket, Førde, syner framskrivinga at talet på oppdrag med personar over 80 år vil auke frå rundt 1200 i fjor til 3500 i 2040.

Høyring

Prehospital plan er sendt på åtte vekers høyring med høyringsfrist 25. november 2019. Høyringsutkastet og vedlegg til planen er å finne på Helse Førde sine nettsider. Styret i Helse Førde planlegg å vedta planen i styremøte i desember 2019.