Russen frå 1969:

– Ein gest til lokalsamfunnet

– Det er veldig kjekt å få tilbakemeldingar som dette. Pengane skal vi bruke til å utvikle kunnskaps- og historieformidlinga ved senteret.

Gest til lokalsamfunnet: Eidarussen frå 1969 hadde tidleg i juni i år ei samling for å markere at det var 50 år sidan dei var russ ved Eids toårige gymnas. Som ein gest til lokalsamfunnet, som dei var ein del av i gymnastida, samla russen inn 10.000 kroner som dei kjøpte ei skipskiste for. Onsdag overrekte Gunvald Ludvigsen gåva til og Aurora Leivdal, sals- og marknadsansvarleg ved Sagastad. Foto: Tromod Flatebø 

Nyhende

Det sa sals/ og marknadsansvarleg ved Sagastad, Aurora Leivdal, då ho sist onsdag tok imot 10.000 kroner til stiftinga Sagastad frå russen frå 1969.

Jubileum

I juni månad hadde russen frå Eids toårige gymnas i 1969 50-årssamling på Nordfjordeid. Festen hadde dei på Sagastad., og onsdag denne veka dukka Gunvald Ludvigsen, ein av 69-russane opp med pengegåve til det nyopna vitensenteret.

Pengegåve

–Som elevar ved Eids gymnas vart vi ein integrert del av lokalsamfunnet. Under jubileumssamlinga dukka det opp eit forslag om å gje noko tilbake til det samfunnet som vi var ein del av i dei to åra vi gjekk på gymnaset. Dei tidlegare elevane, som den gong kom frå heile landet for å gå på Eids toårige gymnas, vart veldig imponerte over alt det ein hadde fått til i Eid gjennom alle åra som har gått sidan vi gjekk på skule her. Ikkje minst vart dei imponerte over vitensenteret Sagastad. Besøket ført til at vi vart samde om å gje ei pengegåve, til nettopp Sagastad. Ei innsamling blant russen som var med på jubileet, førte til at vi fekk inn 10.000 kroner, sa Gunvald Ludvigsen som nytt høvet til at andre russekull burde gjere det same som russen frå 1969.

God reklame

–Eg kan ikkje førestille meg noko annan enn at dette må vere god marknadsføring for Sagastad. Dei tidlegare gymnaselevane bur rundt om i heile landet, og mange har sentrale stillingar i dei samfunna dei lever. Når «ordet går» så kan fort føre til meir besøk for senteret.