Klima:

Ungdommen engasjerer seg

Tidlegare direktør i FN Svein Tveitdal og forfattar Sigbjørn Mostue heldt foredraget «Håp eller katastrofe?» for klimaengasjerte elevar på Eid vidaregåande skule.

På Eid vidaregåande skule: Sigbjørn Mostue (t.h) og Svein Tveitdal (t.v.) heldt foredrag om klimaendringar og global oppvarming. Elevane som deltok er både engasjerte og bekymra.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Forfattar Sigbjørn Mostue og tidlegare FN-direktør Svein Tveitdal har reist rundt om i landet dei siste åra og heldt foredraget «Håp eller katastrofe» for elevar. Onsdag denne veka var Mostue og Tveitdal på Eid vidaregåande skule der dei heldt eit foredrag for elevar i førsteklasse på studiespesialiserande, deretter tok dei turen vidare til Måløy og Selje. Temaet for foredraget var klimaendringar, tap av natur og framtida.