Bil snurra rundt og hamna på taket

I natt fekk politiet melding om bilulukke ved Raudeberg. Ein bil var involvert då den snurra rundt og hamna på taket.

Naudetatar rykte ut til bilulukke i natt.   Foto: Arkiv

Nyhende

Klokka 00:39 natt til laurdag rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke på Nedrevegen RV15 ved Raudeberg. Ein bil skal ha snurra rundt og hamna på taket.

Ifølgje politiet var det to personar i bilen då ulukka skjedde. Både førar og passasjer vart tilsett av ambulansepersonell, men begge skal ha vore uskadd. Bilen vart henta av bilbergar.

Politiet har oppretta sak.