Viktig å legge til rette for busetnad

– Det må vere byggeklare tomter i heile Stad kommune. Det seier nyvald leiar i utval for areal og eigedom,Gunn Sande (Sp).

GLER SEG: Utvalseiar Gunn Sande (Sp) gler seg til å ta fatt på arbeidet som leiar i Utval for areal og eigedom. 

Håper å bli eit driftig utval med ein god tone

Nyhende

Ho ser fram til å ta fatt på arbeidet som leiar i det nyoppretta utvalet. Ei av dei sakene som ho meiner at dei som politikar må sjå nærare på er tomtesituasjonen, at folk som vil busetje seg i ulike delar av kommunen har ein plass der dei kan få bygge.