Må dokumentere at det vert teke miljøomsyn i skogen

Tømmeret skal vere sporbart

Måndag og tysdag denne veka var Trygve Øvregård frå Skogbrukets kursinstitutt på Nordfjordeid for å halde kurs i Norsk PEFC Skogstandard.

83 SKOGFOLK DELTOK:: Kursa vart haldne i kommunestyresalen på Nordfjordeid. F.v.: Skogbruksleiar i Nordfjord, Kjell Magne Åshamar frå AT Skog, Stanislawa Voldsund frå Eid kommune og føredragshaldar Trygve Øvregård frå Skogbrukets kursinstitutt på Biri. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

– Dette er eit krav vi er nøydde til å forhalde oss til. Du må ha sertifiseringa i orden for å kunne få levert tømmer, seier skogbruksleiar i Nordfjord, Kjell Magne Åshamar frå AT Skog. Han fortel at påmeldinga var så stor at dei måtte køyre to kurs. Måndag var der 42 deltakarar som kursa seg og om lag like mange hadde møtt opp då Fjordabladet var innom tysdag.