Acoustic Eidolon i Eid kyrkje

Nyhende

I morgon kveld kjem den amerikanske verdsmusikkgruppa Acoustic Eidolon til Eid kyrkje. Der gitaristen Joe Scott og cellisten Hannah Alkire frå Colorado i USA blandar klangar frå Keltisk, Americana, Rock og Flamenco til ein musikalsk fest saman med harpisten Thomas Loefke. Desse tre turnerer verda over, frå Amerika til Europa.