Unik kunstutstilling på Leikvin

17 kunstnarar av nasjonalt format

Når Skrivargarden opnar kunstutstilling 16. november snakkar vi om Vebjørn Sand, Håkon Bleken og Sverre Bjertnæs.

Måleriet «Fenriskjeften» av Vebjørn Sand blir å finne på utstillinga, der 17 kunstnarar av nasjonalt og internasjonalt format skal stille ut på Skrivargarden, Leikvin, frå 16. november.   Foto: AMM

Nyhende

Eit knippe av dei mest anerkjende kunstnarane her i landet vil stille ut kunsten sin på Leikvin frå 16. november til 15. desember. Her snakkar ein om namn som Sverre Bjertnæs, Håkon Bleken, Vebjørn Sand og Martine Poppe til dømes. Det blir 35 bilde frå sytten kunstnarar, som blir rekna mellom dei mest anerkjende av nolevande kunstnarar i Norge anno 2019.