Selje Sanitetsforening

Øvde på omsorgsberedskap

Selje Sanitetsforening viste imponerande innsats då dei hadde uanmeldt øving i omsorgsberedskapen. For her gjekk det fort.

Kort tid: Omsorgsberedskapsgruppa i Selje sanitetsforening brukte ikkje lang tid å samlast då dei hadde øving denne veka.   Foto: Privat

Nyhende

Det var måndag kveld telefonen gjekk ut frå leiar i beredskapsgruppa klokka 18.55 – til fire medlemmar i styret i den lokale sanitetsforeininga. Desse fire følgde ringelister og ringde vidare til medlemmane. Medlemmane blei spurt om å møte opp på samfunnshuset i Selje så raskt som mogleg.

Heiv seg rundt

Og dei heiv seg rundt. Allereie 15 minutt etter at varselet gjekk var dei to første personane på plass i samfunnshuset, og innan 30 minutt var 17 personar på plass. Alle hadde tatt med seg lommelykt og kledd seg i varme kle – klare for innsats.

Imponerande innsats frå medlemmane som slapp det dei hadde i hendene og rykte raskt ut.

– Imponerande innsats, kommenterer Selje-ordførar Stein Robert Osdal på sanitetsforeininga si facebookside.

– Omsorgsberedskapen er ein del av kommunen sin beredskap og vi kan bistå med hus, mat og omsorg, opplyser Nina Beate Raad Osmundsvåg, nestleiar i omsorgsberedskapen i Selje sanitetsforening.

40-års jubileum

Ein annan som har viktig beredskap i samfunnet er dei lokale Røde Kors-gruppene.

Selje Røde Kors har 40-årsjubileum i år, og har open dag i lokalet sitt på Nabben i Selje førstkomande laurdag.