Ønskjer fysisk stengsle og forbodsskilt på Skårhaug

Gangvegen på Skårhaug var mellombels lovleg køyreveg, men det er no ikkje lenger lov med gjennomkøyring, noko som enkelte ikkje respekterer.

GANGVEG: Skilting i samband med at det var lovleg å køyre på gangvegen då det var vegarbeid på den kommunale vegen. 

Nyhende

På Ytre Skårhaug var den kommunale vegen stengt i lengre tid i samband med sikring og opprusting. Då var det mellombels lov til å køyre på gangvegen for å kome ut på riksvegen.

Fjordabladet har blitt kontakta av ein bebuarar som fortel at det er ein del som har halde fram med å bruke gangvegen som utkøyringsveg sjølv om dette no er ulovleg, med unntak av dei som må bruke denne vegen for tilkomst og utkøyring frå eigedommane sine.

Problemet her er at den direkte avkøyrsla ligg i ein sving, og det er livsfarleg å køyre ut der på riksveg 15. Ein del bilistar vel difor å køyre ulovleg på gangvegen, i staden for å køyre det som blir oppfatta som ein omveg ut til utkøyrsle til Rv 15 ved masseuttaket mot vest.

Ein bebuar som Fjordabladet har snakka med karakteriserer det som utrygt for gåande med unødvendig biltrafikk på gangvegen. Han meiner at det bør setjast opp ei fysisk stengsle som hindrar gjennomgangstrafikk og samstundes at det vert skilta med utkøyring forbode i utkøyrsla i svingen.