Kulturnatt i Selje og Eid med 30 arrangement

I morgon blir kulturnatta i Eid markert med elleve ulike arrangement. I Selje blir det tjue ulike hendingar gjennom heile helga.

Kulturnatta i Eid blir i morgon på dagtid og på kveldstid. Mellom anna med opning av fotoutstilling der dette bilde blir på plass.  

Bandet Jackbow vil i morgon kveld avslutte kulturnatta i Eid med sleppkonsert av sin første EP i Gymmen.  

Nyhende

Til saman tretti ulike arrangement gjennom denne helga i regi av Kulturnatt 2019, i det som er på veg til å bli Stad kommune.

I Selje starta det tidleg i morgon med barnehagar som går på besøk til eldretun og sjukeheimar i kommunen. Det blir vidare tur med klosterbåten til øya Selja, Doktorgården blir open, det same blir Skateløa i Ervik og det blir ope museum på Berstad gard i Selje. Det blir språkkafé og frivilligtreff på Dagsturhytta, open museumslade hjå Agnar Flataker, treningskveld med saltrening i regi av Selje IL, nattkafé for ungdom i Selje bedehus, open ungdomsklubb på Blikken, Stadlandet, ungdomskveld på Filadelfia, Stadlandet og Quiz og karaoke på Frimannsbuda i Selje.

På laurdag held dei fram med ope på mange av dei same stadane, samt laurdagsgraut i Selje bedehus, 40 årsjubileum for Selje Røde Kors og lutefiskaften på Furubuda, Stad hotell.

I Eid kommune blir det i morgon opna utstilling av kulturskulen i Eid bibliotek, opning av poesisti, bokkafé på Kringla, fotoutstilling, Natur på Kulturnatt, hjå Fotografen Eide, kveldsope bibliotek, gratis kulturnattbading, Eid symjehall, konsert med kulturskulen fredag og laurdag og Poetry Night i Bankjellarpuben. Om kvelden fredag på kulturnatta blir det sleppkonsert med Jackbow i Gymmen.