Klart for Lego League

Laurdag deltek fleire lag frå Eid og resten av fylket på First Lego League.

Lego League: Laurdag går First Lego League av stabelen i Operahuset Nordfjord. Skular frå heile fylket deltek på arrangementet.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Eid vidaregåande skule har i fleire år arrangert First Lego League i Sogn og Fjordane. Komande laurdag går arrangementet av stabelen, og i år igjen vert First Lego League arrangert i Operahuset Nordfjord. Elevane i grunnskulen må løyse oppgåver ved bruk av teknologi, matematikk og naturfag.

Bygd og by

Kvart år er det ulike oppgåver som elevane får oppleve gjennom vitskap og teknologi. I år er oppgåva «City Shaper», der byane og bygdene møter store utfordringar som transport, tilgjengelegheit og i tillegg naturkatastrofar.

Laga

Skulane som er påmelde til First Lego League Sogn og Fjordane kjem frå Vågsøy ungdomsskule, Davik oppvekst, Eid ungdomsskule, Stryn ungdomsskule, Farnes skule frå Øvre Årdal, Tangen skule frå Øvre Årdal, Svelgen oppvekst, Sande skule frå Gaular kommune, Volda ungdomsskule og Hornindal skule.

Frå Eid deltek laga Ferjestrøm og Lur Arkitekt.