Nordfjordbrua AS

Innanfor ramma av ferjeavløysingsmidlar

Onsdag vart det lagt fram tre tenkelege løysingar for bru Anda – Lote. – Alle prosjekta kan realiserast innanfor ramma av ferjeavløysingsmidlar.

Aktørane: Frå venstre: Jan Olav Tryggestad, dagleg leiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo, styreleiar i Nordfjordbrua AS, Svein – Ottar Sandal, nestleiar i styret, Geir Kjersem, LMG Marin, Lars-Svein Drabløs, styremedlem, Tommy Skjervold (Frp), statssekretær i samferdsledepartementet, Tore Roppen, Prodtex AS og Stein Atle Haugerud, Dr. Tech Olav Olsen. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det sa Jan Olav Tryggestad, dagleg leiar i Nordfjordbrua AS, etter at dei to grupperingane, LMG Marin og Dr. Tech Olav Olsen, presenterte status for aktuelle fjordkryssingsløysingar for Anda – Lote. I tillegg til desse to fagmiljøa gjekk Tore Roppen, Prodtex AS, gjennom korleis ein kan skape industri gjennom digitalisering av planleggings- og produksjonsprosessar.