Får halde fram som trafikkstasjon, men utan kontrollhall

– Ikkje godt nok

– Dette er ikkje godt nok. Det seier Eid/Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) om det reviderte framlegget til tenestestruktur i Statens vegvesen som no er sendt over til Samferdsledepartementet.

DÅRLEG FOR NÆRINGSLIVET: – Vi skal gle oss over at trafikkstasjonen vert oppretthalden med skranketeneste, men vi kan ikkje godta ikkje at hallaktiviteten vert flytta til Førde. Det seier Eid/Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V). 

Nyhende

– Det som er problematisk er tilboda for næringslivet, at all hallkontroll må gjerast i Førde, seier Bjørlo. Han peikar på at det i framlegget ikkje ligg inne tilbod til transportnæringa mellom Ålesund og Førde, og at det ser ut til at vegvesenet har lagt til grunn at hallen på Nordfjordeid er lite i bruk. Dette meiner ordføraren viser at tilrådinga er gjort på feil grunnlag. Han viser til at i Sogn og Fjordane vert hovudtyngda av storbilkontrollane utført på Nordfjordeid trafikkstasjon, utifrå det faktum at dei fleste storbilaktørane i fylket held til i Nordfjord. Likevel vel Statens vegvesen altså i sitt framlegg å flytte hallaktiviteten til Førde.