Busetjing av flyktningar i 2020

Stad får 25, ordføraren vil gjerne ha fleire

ROM FOR AUKE: Stad har kapasitet til å busetje fleire enn dei 25 flyktningane kommunen vert oppmoda om å ta imot i 2020. 

Nyhende

Stad kommune er blitt oppmoda av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om å busetje 25 flyktningar i 2020. Frist for å svare på oppmodinga er 20. desember. Dei nyaste prognosane frå Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga viser at det er naudsynt å busette om lag 5.100 flyktningar i Noreg i 2020, inkludert 140 einslege mindreårige der 40 av dei er under 15 år.