Plan for næringsområde i Kviane

Masseuttak først – så næringsområde

Plankonsulent Nordplan AS har på vegner av tiltakshavar Norsand AS utarbeidd ein detaljreguleringsplan som legg rammer og føringar for utvikling av næringsområde i Kviane.

3D-MODELL AV OMRÅDET I FRAMTIDA:: Bilete er frå planframlegget utarbeidd av Nordplan AS og viser 3D-modell sett frå siktpunkt kring tiltaksområdet. 

Trafikksituasjonen langs Fv5745 endrar seg minimalt.

Nyhende

Som ein del av tilrettelegginga legg ein opp til masseuttak i området dei fyrste åra. Av den kommunale saksutgreiinga går det fram at forslagsstillar føreset ein driftsfase (masseuttak) på 20 år.