Stad Hotell og Storm på Stad samarbeider

Gode naboar hjelper kvarandre

Stad Hotel og Storm på Stad er gode naboar og hjelper kvarandre.

Samarbeid: Kristina Myrseth – dagleg leiar i Storm på Stad sørgjer for at restaurantansvarleg Tor-Morten Hoddevik i Stad Hotell får god mat til gjestane. foto: Privat 

Utbetringar av veg til vestkapp gir oss driftsutfordringar gjennom vinteren.

Kristina Myrseth
Nyhende

– Stad Hotell er i ei oppstartsfase og treng hjelp med kokk og kjøkken. Då er det naturleg og fornuftigast at vi samarbeider, seier dagleg leiar Kristina Myrseth. Ho driv både Vestkapp restaurant og Doktorgarden i Selje.