Ber om 7 millionar til Stadtunnelen

Styringsgruppa for Stad skipstunnel ber om 7 millionar i planleggingsmidlar for å sikre byggestart i 2021. Dei fryktar at manglande midlar i statsbudsjettet for 2020 vil forseinke prosjektet.

Randi Humborstad, dagleg leiar av Måløy vekst og prosjektleiar for Stad skipstunnel ber om 7 millionar i statsbudsjettet i år for å sikre framdrift mot budsjettet neste år. Onsdag mobiliserte dei saman med fleire organisasjonar for Stadtunnelen.  Foto: Beate Haugtrø/NPK

Randi Humborstad og Styringsgruppa for Stad skipstunnel inviterte onsdag til eit frukostmøte om Stad skipstunnel.  Foto: Beate Haugtrø/NPK

Leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget Helge Orten (H) diskuterer framtida til Stadtunnelen med konsernsjefen i Havila-gruppa Per Sævik og Randi Humborstad, dagleg leiar av Måløy vekst og prosjektleiar for Stad skipstunnel.   Foto: Beate Haugtrø/NPK

Onsdag inviterte styringsgruppa for Stad skipstunnel og andre pådrivarar for prosjektet politikarar og journalistar til eit møte for å informere om prosjektet.  Foto: Beate Haugtrø/NPK

– Eg er ganske fortørna over at det ikkje ligg pengar i budsjettet, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) om budsjettet for 2020.   Foto: Beate Haugtrø/ NPK

Nyhende

– Eg håper dei vil finne desse sju millionane i statsbudsjettet, seier Randi Humborstad, dagleg leiar av Måløy vekst og prosjektleiar for Stad skipstunnel, til Nynorsk pressekontor.

På eit møte om skipstunnelen onsdag var ei rekke interessegrupper samla for å mobilisere for å få tunnelen på plass. Både Kystverket, Bellona, Havila Holding og sjømatselskapet Mowi var til stades og argumenterte for at ein tunnel vil vere viktig både for sjøsikkerheit, miljø, fiskenæringa og samferdsle. På møtet presenterte dei òg ein ny informasjonsfilm om det planlagde prosjektet.

Blir forseinka

Humborstad er saman med eit samla næringsliv på kysten skuffa over manglande oppstartsmidlar til skipstunnelen i statsbudsjettet for 2020, og fryktar at manglande løyving vil forseinke byggestart. Styringsgruppa for Stad skipstunnel ber difor om 7 millionar kroner i planleggingsmidlar. Desse midlane skal sikre at Kystverket kan ferdigstille planarbeidet sitt og førebu byggestart i 2021.

– Vi er bekymra for at Storting og regjering ikkje klarer å følge opp nasjonal transportplan. No har vi dårleg tid, seier Humborstad, og legg til at ein eventuell stønad på 7 millionar i dette budsjettet føreset at det kjem oppstartsmiddel i statsbudsjettet for 2021.

I innspelet skriv styringsgruppa for Stad skipstunnel at skipstunnelen er fullfinansiert i Nasjonal transportplan med ein total kostnad på 2,7 milliardar kroner (2016 kroner) som er prisjustert til om lag 2,9 milliardar i 2019-kroner. Dei skriv og at ein byggestart i første stortingsperiode (2017-2021), som det er lagt opp til i Nasjonal transportplan, blir vanskeleg utan midlar på neste års statsbudsjett.

– Mest realistisk med oppstart i 2021

Blant stortingsrepresentantane som var til stades på møtet, var Liv Signe Navarsete (Sp).

– Eg er ganske fortørna over at det ikkje ligg pengar i budsjettet. Eg vart mållaus. Det er å bli halde for narr, seier ho, og legg til at 7 millionar på budsjettet for 2020 er eit minstemål.

Leiaren for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), seier at prosjektet har brei politisk oppslutnad og strekar under at Kystverket har gjort ein god jobb med å få ned kostnadene på prosjektet. Han kan likevel ikkje gi nokon lovnader for budsjettet før saka er behandla på Stortinget.

– Dette prosjektet er prioritert. Det ligg godt til rette for at vi skal få det til. Det mest realistiske er at vi skal få starta det opp i 2021, seier Orten.

(©NPK)


Arbeidarpartiet foreslår løyvingar til Stad skipstunnel:

– Viktig å halde på framdrifta

 

Vestland FrP:

Vil ha framdrift for Stad skipstunnel

Måndag hadde styret i Vestland FrP møte, og oppmoda FrP si Stortingsgruppe om å prioritere Stad skipstunnel i Statsbudsjettet 2020.



Stad skipstunnell og statsbudsjettet

– Vart ikkje ofra i samband med bompengestriden













Val 2019- Dei politiske partia og samferdsle

Politisk semje om samferdsle



Skjebnetid for Stad Skipstunnel:

Dale håpar på avgjer denne hausten



Søviknes og Hoksrud i Selje

Lovar å pushe på for skipstunnelen