Naboredaktør rosar utviklinga i Eid

– Sandane står på mange måtar på staden kvil med handelsutvikling, medan Eid fortener ros, seier Aadne Gloppestad, redaktør i Firda Tidend.

Ros til Eid: Aadne Gloppestad, redaktør Firda Tidend, rosar Eid.  Foto: Firda Tidend

Nyhende

På leiarplass tysdag skriv Gloppestad: «Eidarane har god draghjelp av den sentrale plasseringa i regionen, men det er ikkje til å kome forbi at dei også har vore svært flinke til å leggje til rette for utvikling av handelsnæringa. Det betalar seg. På dette området har Gloppen noko å lære. Kommunen har brukt fleire år og mykje pengar på å planlegge eit Sandane sentrum som det store fleirtalet ikkje vil ha og som næringslivet kjempar imot», skriv Gloppestad. Det er i samband med opning av ny Rema 1000 og Europris på Stokkenes/Myklebust at naboredaktøren på Sandane har gjort sine tankar om forskjellen mellom dei to tettstadane midt i Nordfjord.