Har servert skulelunsj i ti år

Nordfjordeid sanitetsforeining har gleda skulebarn gjennom ti år med heimelaga skulelunsj.

Nordfjordeid sanitetsforening bidreg positivt i nærmiljøet. Frå venstre: Kirsten Solheim, Liv Stokkenes Jacobsen, Aslaug Berg, Inger Lise Strand, Liv Øverland, Laila Balsnes, Oddny Orheim og Marit Rindal. Med på lunsjgjengen var også Anne Karin Nes.   Foto: Inger Træen

Nyhende

I førre veke var det elevar ved Haugen skule- og barnehage som fekk smake på det velfylte lunsjbordet. Og medlemmane av sanitetsforeninga seier dei gjer dette for å skape noko viktig sosialt kring eit felles måltid, samt at barna får servert sunn og god mat.