– På tide å tenkja nytt om cruise i verdsarvområda

Tida er inne for å tenkja nytt om verdsarvcruise, meiner leiaren i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap Arne Sandnes. Han etterlyser ei omlegging som tek meir omsyn til lokal natur, kultur og folk som bur i verdsarvområda.

– Tidlegare har vi opna grinda for turistane, men no ser vi at vi må ha meir styring, seier leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Arne Sandnes, som også er ordførar i Norddal kommune. Han meiner verdsarvfjordane må stå i særstilling i forhold til andre fjordar.   Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Nyhende

I fjor vedtok Stortinget at berre utsleppsfrie cruiseskip skal få segla inn i verdsarvfjordane frå 2026. Cruisenæringa meiner krava er urealistiske, og lokale krefter har uttrykt uro for at dei nye krava skal føra til tapte inntekter fordi cruiseskipa vel andre fjordar og hamner.