Treng gatelys på Stårheim

  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Styremedlem i Stårheim bygdelag, Ylva Altin Seljenes ber Eid kommune om å søkje om TIK-midlar til gatelys langs skuleveg. Bygdelaget jobbar med å få på plass gatelys på ei 850 meter lang strekning langs Myrane og ned Guribakken.

Det trengst 27 punkt som kostar kring 350.000 kroner i materiell.

Bygdelaget har vore i kontakt med Statens vegvesen. Dei har ikkje midlar til dette, men er positive til ideen og har føreslege at ein kan sjå etter annan finansiering, til dømes TIK-midlar.