Sogn og Fjordane

Skatten er klar

I Sogn og Fjordane har 88.558 personar betalt 9,4 milliardar kroner i skatt i 2018. Tysdag er skatteoppgjeret klart.

Skatten: Skatteoppgjeret er klart. Folket i Sogn og Fjordane har betalt 9,4 milliardar i skatt i 2018. ill.foto. 

Nyhende

Skattelistene blir tilgjengelege 5. november.

69 100 lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande i Sogn og Fjordane fekk tilbakebetalt skatt på til saman 902 millionar kroner i skatteoppgjeret i år. 14 637 betalte restskatt på til saman 348 millionar kroner. For dei som fekk skatt til gode var snittbeløpet 13 062 kroner, mens snittbeløpet for dei som fekk restskatt var 23 840 kroner.

Skatteoppgjeret for heile landet viser at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 514 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue. 332 000 selskap har betalt til samen 85 milliardar kroner i skatt (unntatt skatteinntekter frå oljeverksemda).

Lurt å sjekke skattekortet

– Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Ønsker du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Endrar du skattekortet får arbeidsgivar automatisk beskjed og hentar nytt skattekort.

– Skjer det større eller mindre endringar i økonomien din, bør du endre skattekortet slik at skattetrekket blir riktig. Det er enkelt å endre opplysningar om du har behov for det, seier Gjengedal.

Skulle du oppdage feil i skatteoppgjeret, kan du i dei fleste tilfelle framleis endre det sjølv slik at Skatteetaten kan rette opp opplysningane, berekne skatten på ny og sende deg eit nytt skatteoppgjer.

Kan søke

Skattelistene for inntektsåret 2018 er tilgjengeleg for søk på skatteetaten.no frå klokka 07.00, tysdag 5. november. Søk omfattar nettotal for personar og selskap. Det blir loggført kven som har søkt på deg i skattelistene.

Sidan oktober i fjor har det vore 1,6 millionar søk i skattelistene på skatteetaten.no, fordelt på 482 000 unike innloggingar. Det er omtrent likt med året før. Til samanlikning var det i året før loggføring av søk blei innført, 16,5 millionar søk fordelt på nær 927 000 unike innloggingar. 239 000 har vore inne og sjekka kven som har søkt på dei, noko som er på nivå med året før.