Over 200 besøkande i Eventyrstallen

Neste år vert festen endå større

Då HalloVenn i Eid Idrettshus vart avlyst, strøymde familiar til Eventyrstallen på Høynes for å feire halloween. Neste år vert det endå større, ifølgje Ann-Maria Nydal.

Halloween: Store og små var samla i Eventyrstallen avdeling Nordfjord på Høynes torsdag. Då vart halloween feira med alle moglege kostyme, aktivitetar, ein tur innom dyra og fleire konkurransar gjennom kvelden.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Torsdag ettermiddag og kveld var store og små samla i Eventyrstallen på Høynes, Stårheim. Denne dagen var Eventyrstallen avdeling Nordfjord dekorert med halloween dekorasjonar som graskar, spøkelse, skjelett og lyslenker. Barn og vaksne kom kledd i både festlege og skumle kostyme, og stemninga var svært god. Tidlegare på dagen vart det klart at arrangementet HalloVenn som skulle bli arrangert for sjette gong i Eid idrettshus var avlyst grunna sjukdom. Då heiv Eventyrstallen seg rundt og fekk skaffa fleire kaker og utstyr.