FORSVARET: – Forsvaret er ein god plass å utfordre seg sjølv, lære og få variasjon frå skulebenken, seier Andreas Lote Henden (18) frå Lote, som no tenestegjer som våpenteknisk gast.   Foto: Kristine Strøm

Andreas er på verdas raskaste marinefartøy

Andreas Lote Henden (18) frå Lote tenestegjer som våpenteknisk gast på korvetten KNM ”Gnist”. Nyleg reiste dei langs Norskekysten frå Bergen til Kirkenes under ei heilt spesiell øving.

Andreas har vore på si første tokt saman med besetninga på KNM ”Gnist”. Dei har delteke på i Forsvaret si største alarmøving dette året. Øvinga gjekk ut på å flytte avdelingar over store avstandar på kortast mogleg tid.

– Ein kan potensielt ete frukost i Bergen og middag i Tromsø. Det er lange avstandar, men viser samstundes kor mobile korvettane i Skjold-klassa er, fortel Andreas entusiastisk.

– Om bord i ein korvett kjennest det ut som du sit på eit fly, klar for avgang. Lyden av jetmotorar durar i bakgrunnen, samstundes som turbulensen på bølgene gjev deg eit sug i magen. Vi bevegar oss i ei enorm fart, fortel Andreas.

UTFORDRING: Andreas Henden trur framtida på korvett vil bli spanande, variert og utfordrande.  Foto: Kristine Strøm

Ut i det ukjente

– Då eg reiste til rekruttskulen på Madla i sommar visste eg lite om kva framtida ville bringe, seier Andreas.

I dag er han våpenteknisk gast, som vil seie at han bemannar fartøyets våpensystem.

– I tillegg er det ein del vedlikehaldsarbeid, og eg har ei rekkje andre funksjonar på båten, fortel Andreas.

Dersom ei krise inntreff er det Andreas, saman med dei andre i våpenteknisk som er på ”brudekk”, der dei bemannar våpen. I fredstid er det viktig å trene på dei riktige tinga og å ta gode avgjersler.

– Det er viktig å drille på detaljnivå, ein vil alltid kunne bli betre, seier han.

Viktig å halde hovudet kaldt

For å kunne bli våpenteknisk gast må ein gjennomføre ei rekkje ulike kurs.

– Om nokre veker skal eg på eit nytt kurs for å bli sertifisert røykdykkar.

Det er eit særs krevjande kurs på Sjøforsvarets Senter for Skipsteknikk og Sikkerheit på Haakonsvern i Bergen. Dersom det skulle hende noko om bord, vil han vere ein av dei som skal handtere brannar og vassinntrenging.

– Det stiller høge fysiske krav, og ein må ha ei forståing for korleis båten er bygd og fungerer. I slike situasjonar kan det vere kritisk, og det er difor viktig å halde hovudet kaldt, stadfestar Andreas.

KNM GNIST: Korvetten Gnist er ein del av Sjøforsvaret si Skjold-klasse, verdas raskaste kampfartøy. Dei kan nå ei toppfart på 60 knop.  Foto: Kristine Strøm

Heilt fersk

– Det er uvandt med vaktskift som klussar med døgnrytmen. Samstundes er det mykje å lære og læringskurva er bratt, men eg føler eg er begynt å kome inn i det, fortel Andreas.

Om bord på ein korvett må besetninga ta ekstra førehandsreglar med tanke på at ein køyrer veldig fort. Besetninga kallar det sjøsikring, då må alle lause gjenstandar sikrast slik at dei ikkje flyr vegg imellom.

– I tillegg får vi ikkje bruke telefon, eller andre ting som kan avsløre kvar vi befinn oss, seier Andreas.

På eit slikt fartøy er det ei lita besetning, og det er difor viktig at mannskapet kan fylle fleire funksjonar. – Eg driv med fortøying når vi legg til kai, og har ulike oppgåver knytt til kjøkkenteneste. Eg dekkjer på, setter ut maten og hjelper kokken. I tillegg hjelper eg til med smaksprøver, men det er ikkje heilt offisielt, seier Andreas med eit lurt smil.

Varierte dagar

Dagane om bord er varierte og blir farga av om ein er på oppdrag, øving eller ligg til kai.

– Når vi er ute og seglar blir det lange dagar med vakter og søvn om kvarandre. Det blir også tid til å vere sosial, spesielt når vi ligg til kai fortel Andreas. Det har og hendt at vi har hatt fiskekonkurranse og quiz, det er noko som bidreg til eit godt miljø og ein god latter for gjengen, legg han til.

– Når båten ligg til kai er det mykje vedlikehaldsarbeid og førebuing til seilas. – Då er eg stasjonert i Bergen, og det blir nok moglegheit til å ta nokre turar heim til Lote, seier han.

ØVING 2: Øvinga gjekk ut på å flytte avdelingar over store avstandar på kortast mogleg tid.  Foto: Kristine Strøm

Surfa unna sjøsjuka til no

Henden trur framtida på korvett vil bli spanande, variert og utfordrande. Og han forventar seg større bølgjer enn på denne turen, då havet var blikstille ved Stad.

– Det var ein fin første tur, men litt uvandt. Det er som å vere i ein blikkboks. Det er sjølvsagt ein overgang frå den fine utsikta på Lote, til å ikkje eingong ha vindauge. Men den varierte naturen, nordlyset og solnedgangane vi ser frå toppbrua gjer opp for dette, seier Andreas.

– Eg får ein heilt unik moglegheit til å sjå Noreg på ein heilt spesiell måte. Når vi ligg til kai er det ofte rom for å kunne sette sjøbeina på land, fortel Andreas.

I familiens fotspor

Andreas går i fotspora til bror, far og bestefar som også har tenestegjort i Forsvaret.

– Forsvaret er ein god plass å utfordre seg sjølv, lære og få variasjon frå skulebenken. Etter førstegongstenesta er planen til Andreas å studere ved NTNU i Trondheim, men han har enno ikkje slått frå seg å gå vidare i Forsvaret.

– Det får tida vise, seier Andreas.

I FOTSPORA: Andreas får i fotspora til bror, far og bestefar som også har tenestegjort i Forsvaret.  Foto: Kristine Strøm