Kjøpmann Frode Taklo:

– No blir det berre to minutt å gå på jobb

– Konkurransen blir heilt sikkert tøff, og det er det forbrukarane som nyt godt av, seier Frode Taklo som torsdag opna Rema 1000-butikk på Stokkenes/Myklebust.

Ny tidsrekning: Frode Taklo (fremst) er på mange måtar vakse opp i butikk. Svein Taklo (nummer to frå høgre), far til Frode var i mange år styrar for Handelslaget, det som seinare vart til Coop Mega, som også Frode hadde ansvaret for i ni år. Bak frå venstre: Hildegunn Taklo, Gunn Taklo, Ann-Serine Hagen, borna Nicolas og Sara og far til Frode, Svein Taklo.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det er nesten så Frode Taklo må klype seg i armen. I fem år har Frode pendla mellom Nordfjordeid og Volda, der han fram til for kort tid sidan dreiv Rema 1000 sin daglegvarebutikk. Torsdag opna Frode den andre Rema 1000-butikken på Nordfjordeid, og handelsmannen kan glede seg til kort veg til jobben, og meir tid saman med familie.