Sparebanken Vest

Varslar utbyttefest for kundar i midtre Nordfjord

Etter at Sparebanken Vest i dag la fram solide resultat for tredje kvartal, varslar banken at det for første gong vil bli utbetalt kundeutbytte. Samtidig blir fleire vestlendingar no invitert til å bli medeigarar i banken. 

Illustrasjonsbilete.  

Nyhende

– Der storbankane gir overskotet til investorar på Aker Brygge og Wall Street, deler vi vår verdiskaping med kundane i midtre Nordfjord, seier Tore Dvergsdal, regiondirektør privatmarknad i Sparebanken Vest.

Den største eigaren i Sparebanken Vest er dei 290.000 kundane på Vestlandet, og  for første gong vil dei få individuelt utbytte til seg og sine.

Kundeutbyttet blir henta frå overskotet til banken i 2019, og utbetalt våren 2020. I Eid og Hornindal vil rundt 2.400 personar få nærmare 4,1 millionar kroner i samla utbytte.

Sparebanken Vest estimerer  eit samla kundeutbytte på 330 millionar til våren. Endeleg beløp vert fastsett basert på banken sitt heilårsresultat for 2019.

Sparebanken Vest er den største banken i Noreg med kundeutbytte. Kor mykje den enkelte får utbetalt kjem an på samla lån og innskot, men ein kunde med eit normalt bustadlån på rundt to millionar kroner kan forvente fleire tusen kroner i kundeutbytte. Øvste grense for utbytte er inntil 16.000 kroner pr. ektepar/sambuarpar.

Inviterer til eigarskap

Det er ikkje berre som kundar at folk i midtre Nordfjord no kan få utbytte frå Sparebanken Vest. Sparebankar har to typar eigarkapital: ein del er grunnfondkapital, ein annan del av kapitalen består av eigenkapitalbevis, som er sparebankane sin variant av aksjar.

No skal 2,4 milliardar kroner av grunnfondskapitalen i Sparebanken Vest gjerast om til børsnoterte eigenkapitalbevis, og banken ynskjer enno fleire vestlendingar inn på eigarsida. Derfor blir privatpersonar over heile Vestlandet spesielt invitert til å teikne eigenkapitalbevis i dette nedsalet.

– På denne måten kan folk i lokalmiljøet få utbytte både som kundar og eigarar. Eg håpar enno fleire i midtre Nordfjord vil vere med på laget, seier Tore Dvergsdal.

Kundeutbytte og samfunnsansvar

Dei siste ti åra har Sparebanken Vest delt ut éin milliard kroner til gode tiltak i lokalsamfunn over heile Vestlandet. Dette arbeidet held fram for fullt, samtidig som det frå neste år blir betalt ut kundeutbytte.

Ei spørjeundersøking utført av Norstat for Sparebanken Vest viser at eit stort fleirtal på Vestlandet ynskjer både kundeutbytte og samfunnsansvar frå banken sin. Medan 3 av 5 er positive til lojalitetsprogram som kundeutbytte, synest 4 av 5 det er viktig at banken deira støttar aktivitetar i lokalsamfunnet.

– Vi skal gjere begge delar, seier Tore Dvergsdal.