Klart for countrykveld på Bryggja

Koret Vestavind inviterer til countrykveld på Bryggja komande laurdag.

Vestavind: Koret Vestavind inviterer til countrykveld på Bryggja laurdag. 

Nyhende

Her vert det underhaldning med Vestavind med komp, og dei har fått med solistane Tone Hessevik og Malene Sætren Lunde som skal ha eigne songinnslag.

– Alle songinnslag er kjende countrymelodiar, fortel John Tenden, dirigent for vestavind.

Linedance-gruppa frå Måløy kjem også for å underhalde. Konferansier Martin Kåre Waag er også på plass for å skape god countrystemning denne kvelden.

Det vert osgå servering, bar og dans med musikk av Jakob Hals, og koret Vestavind håper at mykje folk tek turen. Dei lovar god stemning.