Arbeidsløysa låg i Vestland

Aukande rekrutteringsproblem i fleire bransjar

I oktober var arbeidsløysa i Vestland til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på om lag 1190 personar i høve til oktober i fjor.

– Bygg og anlegg og er døme på ein bransje som har aukande rekrutteringsproblem. På biletet elevar ved bygg og anlegg ved Måløy Vidaregåande skule.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 198 personar i oktober, samanlikna med september.

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka. I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen, på nær 1200 personar i høve til i fjor, er størst i landet. Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,2 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Fleire bedrifter melder om rekrutteringsproblem

Direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier at den stadig lågare arbeidsløysa gjer at fleire verksemder får problem med å skaffe relevant arbeidskraft.

– Bygg og anlegg og IKT er eksempel på bransjar med aukande rekrutteringsproblem. Til dømes bygningsingeniørar, elektrikarar, systemanalytikarar og programmerar kan vere ei stor utfordring å rekruttere, seier Bogsnes.

Det er svært få ledige i desse yrkesgruppene og mange ledige stillingar, men Bogsnes ser også moglegheiter.

Inkluderingsdugnad

– Regjeringa sin inkluderingsdugnad blir stadig viktigare. Dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet er ein arbeidskraftreserve som vi kan aktivere gjennom samarbeid med næringslivet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon og mange verksemder kan tene på å tenkje nytt når det gjeld rekruttering, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (786),) serviceyrke og anna arbeid (712) og reiseliv og transport (688), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (105) og jordbruk, skogbruk og fiske (120).

Mange kommunar med svært låg arbeidsløyse

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Askøy (-110 personar) i Fjell (-104 personar), og i Os (-48 personar). I Bergen kommune er det no 3556 ledige, som er 682 færre enn i fjor. I oktober er det høgast arbeidsløyse i Modalen og Øygarden, begge med 2,8%, medan sju av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.


Kommune

Tal

ledige

% av arbeids-

styrken

Endring frå i fjor

(Tal)

Endring frå i fjor (%)
Flora1051,7-20-16
Gulen131,1-1-7
Solund51,2125
Hyllestad111,6-1-8
Høyanger472,31757
Vik40,3-7-64
Balestrand101,5467
Leikanger181,5764
Sogndal491,1-4-8
Aurland181,8764
Lærdal201,7211
Årdal311,2415
Luster190,7212
Askvoll140,9-7-33
Fjaler70,5-3-30
Gaular120,7-5-29
Jølster231,415
Førde771,0-26-25
Naustdal181,2-4-18
Bremanger281,6-8-22
Vågsøy461,5-2-4
Selje120,8-9-43
Eid471,41757
Hornindal101,5**
Gloppen341,126
Stryn451,125

Tabellen viser arbeidsløysa i kommunane i Sogn og Fjordane ved utgangen av oktober. Kilde: NAV Vestland


Kommune

Tal

ledige

% av arbeids-

styrken

Endring frå i fjor

(Tal)

Endring frå i fjor

(%l)

Bergen3 5562,3-682-16
Etne381,81781
Sveio511,8-6-11
Bømlo1091,8-6-5
Stord1441,5-35-20
Fitjar251,5-7-22
Tysnes261,8-6-19
Kvinnherad921,4-43-32
Jondal40,7-1-20
Odda581,747
Ullensvang291,716123
Eidfjord71,4117
Ulvik132,400
Granvin51,0-1-17
Voss961,2-8-8
Kvam641,5-8-11
Fusa361,8-1-3
Samnanger171,4-3-15
Os i Hordal.2762,5-48 -15
Austevoll431,5410
Sund962,7-24-20
Fjell3492,5-104-23
Askøy2801,8-110-28
Vaksdal331,7727
Modalen52,8**
Osterøy631,5-26-29
Meland611,4-29-32
Øygarden682,8-20 -23
Radøy642,5-9-12
Lindås1151,4-27-19
Austrheim322,3-13-29
Fedje41,6-1-20
Masfjorden91,0229

Tabellen viser arbeidsløysa i kommunane i Hordaland ved utgangen av oktober. Kilde: NAV Vestland