Rema 1000 Stokkenes opna dørene

Klokka 09.00 i dag, torsdag 31. oktober, opna kjøpmann Frode Taklo dørene i den nye Rema 1000-butikken på Stokkenes/Myklebust.

Sara (7) stod for den offisielle klippinga av snora, og som markerte opninga av Frode Taklo sin Rema 1000-butikk på Stokkenes/Myklebust. Frå venstre: Noah, Frode, Sara og Nicolas.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Klipping av eit blått band, som markerte den offisielle opninga, var det Sara (7), dottera til Frode og Ann-Serine Hagen som stod for. Ho var flankert av kjøpmannen sjølv og sønene Noah og Nicolas.