Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) besøker Sandane:

Nye brukonsept for Anda-Lote blir presentert for fyrste gong

–Vi har god tru på at vi får realistiske løysingar innanfor ei akseptabel økonomisk ramme på bordet, og ut frå det kan gå vidare med detaljplanlegging og realisering av fjordkryssinga.

–Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling i bru-bransjen, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo som i ei pressemelding opplyser at statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i Samferdsledepartementet, vil kome på besøk til Sandane komande onsdag, der det blir lagt fram skisser til nye konsept for Nordfjordbrua Anda-Lote, og få oppdatert informasjon om opprusting av strekninga E39 Byrkjelo-Sandane.

To fagmiljlø

Nordfjordbrua AS teikna i sommar avtale med to fagmiljø som er i gang med arbeid for å utarbeide forslag til bruløysing for fjordkryssing Anda-Lote. Arbeidet starta i august og skal vere ferdig til årsskiftet. Dei to fagmiljøa som er i gang med å utarbeide framlegg til bruløysing er: 

  • Dr Tech Olav Olsen i samarbeid med Norconsult AS og Prodtex AS
  • LMG Marin i samarbeid med Multiconsult AS

Begge fagmiljøa har brei erfaring og kunnskap om prosjektering og val av konsept for fjordkryssingar, og ser føre seg å nytte regionale industrimiljø som partnarar i gjennomføring av Nordfjordbrua. På møtet vil grupperingane legge fram førebelse vurderingar av aktuelle konsept for fjordkryssinga Anda Lote.

Rivande utvikling

–Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling i bru-bransjen, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit kort og teknologisk enkelt bruprosjekt som passar godt for ei fyrste utprøving av nye løysingar og metodar som no blir utarbeidde i marknaden. Vi har difor god tru på at vi får realistiske løysingar innanfor ei akseptabel økonomisk ramme på bordet, og ut frå det kan gå vidare med detaljplanlegging og realisering av fjordkryssinga, seier Tryggestad og Bjørlo.

Ferjeavløysingsprosjekt

Nordfjordbrua AS har tidlegare fått utarbeidd ei trafikk- og finansieringsanalyse for fjordkryssing Anda-Lote som syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling – uansett framtidig traséval for E39. Det er føresett at prosjektet kan gjennomførast som eit ferjeavløysingsprosjekt, finansiert av kostnadene staten og trafikantane i dag har med drift av ferjesambandet.

Befaring på E39

Statssekretær Tommy Skjervold vil også få ei befaring på E39 Byrkjelo-Sandane. Byrkjelo-Sandane er ein av dei verste flaskehalsane på E39 mellom Bergen og Ålesund. Det ligg inne 1 milliard NOK til opprusting av E39 Byrkjelo-Sandane i NTP 2019-2028, og Statssekretæren vil få sjå kvifor det er avgjerande at opprustinga blir gjennomført som vedteke i NTP. 

Etter besøket i Nordfjord vil Statssekretær Tommy Skjervold reise vidare til Førde, der han vil delta på møte i regi av Sunnfjord Utvikling og Sunnfjord-kommunane med E39 gjennom Sunnfjord som tema.