Jordskjelv mellom Byrkjelo og Skei

Skjermfoto frå NORSAR sine nettsider. 

Nyhende

Fleire av NORSAR sine stasjoner har registrert eit jordskjelv i Sogn-Møre regionen. Styrken er estimert til magnitude 2,6. Dette er eit mellomstort jordskjelv i denne regionen, skriv NORSAR på sine nettsider. Skjelvet ser ut til å ha episenter mellom Byrkjelo og Skei.

NRK fortel om at Veronica Kvandal Gjelsten opplevde jordskjelvet på Sandane i ettermiddag som kraftig.