Ikkje lenger rett i fjorden

Det pågår gravearbeid ved bensinstasjonen ved Lotevegen på Nordfjordeid. Føremålet er ei miljømessig forbetring der spillvatn frå Alleen ikkje vert sendt rett på fjorden, men i staden tek turen innom reinseanlegget på Mel.

MILJØTILTAK: VA-ingeniør i Eid kommune, Ketil Nord fortel at gravearbeidet ved bensinstasjonen ved Lotevegen handlar om ei miljømessig forbetring. 

Nyhende

VA-ingeniør i Eid kommune Ketil Nord forklarer at i eit moderne byggefelt legg ein separate røyrsystem, eitt for kloakk/spillvatn og eitt for overvatn, frå slukar og tak.