Fire hadde tekniske manglar

Onsdag var Statens vegvesen på plass med kontroll på Stadlandet/Selje.

Onsdag kontrollerte Statens vegvesen lette køyretøy, vekt og bilbelte på Stadlandet/Selje.   Foto: Arkiv

Nyhende

Under kontrollen på Stadlandet/Selje var det lette køyretøy, vekt og bilbelte som stod i fokus onsdag. Det var totalt 25 køyretøy inne på kontrollplassen, og 25 vart også kontrollert.

Det vart utferdiga fire mangellappar for tekniske manglar. Dette var hovudsakeleg lys ifølgje Statens vegvesen. I tillegg fekk to gebyr for manglande bilbelte. Ein varebil måtte også laste av overvekt for vidare køyring.