Avlyser HalloVenn

Ifølgje Eid Kyrkjelege Fellesråd er årets HalloVenn avlyst.

Alternativ feiring: HalloVenn i Eid idrettshus har vore populært sidan oppstarten i 2014. Torsdag kveld skulle det igjen bli arrangert, men torsdag rett etter klokka 13:00 kom meldinga om at det var avlyst.  

Nyhende

Torsdag er det halloween, og på Nordfjordeid skulle store og små samlast i kostyme i Eid Idrettshus under arrangementet HalloVenn. No melde Marta Elvebakke frå Eid Kyrkjelege Fellesråd om at arrangementet er avlyst grunna sjukdom. Dei som har kjøpt billett på førehand, får att pengane.

På programmet stod hoppeslott, labyrint, energikampleik, besøk av Røde Kors, Eid brannvesen, Eid bondelag. I tillegg til dette var det melde om at det var kjøpt inn 100 kilo godteri.

I fjor var det rundt 800 innom dørene under arrangementet, og det var venta mange barn og vaksne også i år.


Seks år med HalloVenn i idrettshuset

I år blir HalloVenn arrangert i Eid idrettshus for sjette år på rad. Med kyrkjelydane i Eid som arrangør.