Kystpilegrimsleia

Kjempar for statsstøtte

Dei regionale kystpilegrimssentera fekk ikkje pengar i forslaget til statsbudsjettet for neste år slik dei hadde håpa på. Styreleiar for kystpilegrimsleia, Marita Aarvik, manar no til politisk kamp for å retta på dette.

Selja kloster: Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedteke å fremja Selje som regionalt pilegrimssenter.   Foto: Foto: Sigrun Espe / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Eg er skuffa over at politikarane sentralt ikkje greier å sjå heilskapen i kva det å vera pilegrimslei er.

Nyhende

På eit møte i Ålesund fredag skal styringsgruppa for kystpilegrimsleia diskutera vegen vidare. Forslaget til statsbudsjett for 2020 skal behandlast i Stortinget i desember. Før den tid håpar styreleiaren å mobilisera sentrale politikarar.